BIOGRAFI
GUT er eit Trondheimsbasert band som bruker fengande pop/rock-låtar til å uttrykkja fryden og frustrasjonen ved å vere gut/ung i dag. Musikken kombinerer frontfigur Hans Morten si karakteristiske nerve og folldaldialekt med funky gitarar og draumande retro-synther. Det er kanskje ikkje heilt feil å trekkja ein sjangarparallell til The 1975, Regnvær eller Donkeyboy.
Det er lett, men følsomt! Soundet får det til å bruse i blodet og du får skrudd på følelsene.
Nina Gjertsen // P3 Urørt
Dei fem fann saman hausten 2024 og har brukt tida intensivt i studio. Debutsingelen KANSKJE DU OG E kom ut 28.02 og havnet på C-lista til P3 Urørt. Seinere samme vår ga dei ut ytterlege to låter og blei på nytt anbefalt av P3 Urørt med VIL DU BLI MI. Med ytterlegare 5 låtar i ryggen er dei meir enn klare til å setja sitt preg på musikkarenaen.
GUT har eit ønskje om at musikken og tekstane skal spegla livet slik det faktisk er. Nokre dagar står ein midt i store tap og må bli kjent med sitt djupaste indre, medan andre dagar er bekymringslause, og alt ein vil er å dansa. Med dette som utgangspunkt håpar dei at prosjektet kan vekkja noko hos lyttarane. I løpet av 2025 vil gjengen jobba målretta for å nå ut med musikken vår og skaffa seg scener der dei kan visa fram sitt energiske live-show og det prosjektet dei trur på og brenn for.
Johan Nes //
Trommer og miksing
Hans Morten Ståland //
Vokal
Simon Garcés //
Gitar
Håkon Bjåstad //
Keys
Bror Eivind Reppen Karlsen //
Gitar